Magisk med pianist Hadland

 Tekst og foto: Kåre Torvanger

Christian Ihle Hadland er ein av våre fremste pianistar. Han fikk sitt internasjonale gjennombrot i 2011 og hans elegante spel har sidan ført han til nokre av verdas mest prestisjetunge scener.

Han var på Contrasto i fjor og i år var det han som sette festivalen i gong. Det gjorde han med ein konsert som verkeleg fenga og rørte ved sjelene. Vi er heldige!

Med fin lyssetting og publikum tett rundt seg i ein sirkel på Storsalen Scene greidde pianisten å skape ei intim og fortetta atmosfær. Han framførte eit av Bachs mest edle og verdsette verk. Goldbergvariasjonane ligg sannsynleg Bachs hjerte nær sidan det kombinerer dei høgste krav til komposisjonsteknikk, stilkjensle og framføring.

Komplisert

Hadland orienterte om verket, kor strengt og utsøkt det er konstruert. Det er altså eit verk der ein ”Aria” omsluttar 30 variasjonar.

Eit mønster med ein danseaktig-, ein toccataaktig sats og ein canon blir repetert 10 gonger. Det blir vidare komplisert ved at det imiterte tema i canonsatsane blir heve ein tone for kvar repetisjon – frå unisont i 3. variasjon til none i den 27. Men i den 30. og siste variasjonen blir mange på den tida kjente melodiar fletta saman i ein harmonisk vakkert sats. Og her gav Hadland oss ei oppgåve. I den satsen finst ein kjent barnemelodi. Den måtte vi lytte etter og identifisere! – Den kjem om ca. 55 minutt, sa han og sette seg ved flygelet. Men først kasta han dressjakka, for den kunne risikere å rivne i saumane sidan han måtte krysse hendene så mykje. Lenge var jo dette verket rekna for umuleg å spele på piano for det er skrive for cembalo med to manualar.

Uanstengt

Men Hadland har kontroll og vel til og med å ha svært høgt tempo i noen av satsane. Han har ein uanstrengt teknikk som får fram det store spekteret av karakterar i variasjonane.

Dynamikken i anslaga vekslar mellom det fjørlette og kraftfulle. Spekteret i det polyfone kjem fram gjennom klang og melodisk retning. Det same i dei mest hårreisande virtuose satsane. Det musikalske er alltid tydlegast.

Vi opplever eit vidt spekter av stemningar og stilar, frå introspektive klagesongar og ulike dansesatsar til utsøkte kontrapunktiske konstruksjonar og ville virtuose passasjer.

Det er magi, vi er fanga og trollbundne. Tida går fort og brått er barnemelodien der. Det blir snakkis etterpå. Jo, det var sitat frå Bro Bro Brille..

Og Aria kjem igjen til slutt nesten som ei ny oppleving. Og det reiser spørsmålet ved det store i Bachs musikk. Er det Arien som er endra, eller oss?

Hadland mottok varm og ståande applaus. Vel fortent!

(Artikkelen er hentet fra ht.no).